Kva er fiber?

Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar. Dette gjev enorm hastigheit og kapasitet samanlikna med tradisjonelle kablar som tidlegare har vore nytta til telefon- og kabel-TV-signal. Driftstryggleiken er og mykje betre.

Kvifor fiber?

I framtida vil all informasjonsformidling gå via fiberoptisk kabel. Nye tenester vil dukka opp, og skaffar du deg tilgang til fibernett frå Voss Fiber, har du ei sikker og langsiktig løysing, og du kan gleda deg over alle nye tenester som måtte koma i framtida. Voss Fiber byggjer infrastruktur for fibernett på Voss og omland. Dette gjev eit kjempeløft i tenestetilbodet innan breiband for dei husstandane som får innlagt fiber.

Kan eg få fiber?

Voss Fiber i samarbeid med innhaldsleverandøren Get tek ansvar for at Voss får superraskt breiband. Me er i gang med framføring av fiberkablar i Vossa-regionen. Det er også råd å driva litt dugnadsarbeid i område der det kan verta kostbart å byggja ut fibernett. Nokre område har organisert seg i eit felleskap for å sjølv grava grøfter og diverse annan eigeninnsats for å mogleggjera utbygging. Ta kontakt med oss dersom du har eit slikt prosjekt.