Voss Fiber lanserer eigen internettaksess!

Dei 5 siste åra vore ei utruleg reise for Voss Fiber. Me starta i det små som ein utfordrar på fibermarknaden på Voss. I dag er me den største leverandøren i kommunen, med konkurransedyktig leveranse og Voss Energi som solide eigarar!


Me er klare til å ta det neste steget

Fram til no har Get produsert og levert internett til Voss Fiber sine kundar. No startar me opp som eigen leverandør av internett. Me har eit godt samarbeid med Get og held fram som Get partnar, og me skal framleis tilby TV- tenester via Get.

Kva betyr dette for deg?

Voss Fiber vert din lokale produsent og leverandør av internett. Me har oppgradert nettet vårt for å gje deg
ei endå betre internettoppleving. Kundesenteret vert lokalt og me utvidar opningstidene til kveld og helg.
Me har oppretta eit nytt kundesystem som skal fremja ei god kundeoppleving. Du får mellom anna «mi side» kor du kan logga deg inn og halda oversikt over tenester og faktura frå Voss Fiber.

Arbeidet med å flytta kundar over på internettløysing frå Voss Fiber vil starta i januar 2019

Når skjer dette?

Me byrjar å flytta kundar frå Get til Voss Fiber i januar 2019. Me tek område for område til alle våre kundar er migrert. Du får beskjed på førehand via SMS- varsling om når me planlegg å migrere i ditt område. Overgangen vert lite merkbar for deg. Du kan oppleva eit lite utfall på maks 5minutt, men me held deg informert via sms under denne prosessen.


Kort oppsummert:

  • Voss Fiber skal produsera og levera internett til kundane
  • Me utvidar opningstidene på kundesenteret vårt til kveld og helg
  • Me skal fortsatt tilby tv-tenestene til Get
  • Du som kunde vil bli haldt oppdatert under heile prosessen.