Personvernerklæring

Voss Fiber AS fokuserer på å ivareta og verna om kundane våre sitt personvern. Me handsamar personvernopplysingar i samsvar med gjeldande lovverk og i samsvar med personopplysingslova. Personopplysingar er opplysingar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde.

Denne personvernerklæringa skildrar kva personopplysingar me mottek og samlar inn når du tingar og nyttar deg av tenester frå Voss Fiber, og også kva me gjer for å verna om personopplysingane.

Ved å tinga og ta i bruk våre tenester samtykkjer du til at me handsamar personopplysingar i samsvar med denne personvernstadfestinga, og dei rammer som til ei kvar tid vert sett utfrå gjeldande lovverk.

Ansvarleg for behandling av persondata

Behandlingsansvarleg er Voss Fiber AS, org. nr.  999587267, Dalsmoen 17, 5709 Voss

Personopplysningar

Personopplysningar er dei opplysningane som kan nyttast til å identifisera deg som person. Dei personopplysningane me samlar inn er namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer og evt. epostadresse om du har gitt oss. Personopplysningane hentar me inn frå kontrakt, kontakt- og bestillingsskjema på nettsida, og når du er i kontakt med kundesenteret vårt. Me lagrar også informasjon om kva slags tenester og produkt du har kjøpt hjå oss.

Det er ingen overføring av personopplysningar ut av EU og EØS

Lagring av personopplysningar

Me lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å levere bestilt teneste som oppfylle dei lovpålagte pliktane me har (t.d. rekneskapsloven). 

Når me ikkje lenger har behov for dine personopplysningar, vert dei sletta

Utlevering/samarbeidspartnarar

Me deler naudsynt data med våre samarbeidspartnarar for å kunne levere våre tenester til deg. Dei selskapa som behandlar data på våre vegne, kallast Databehandlar. Me har avtale med desse partnarane som definerer korleis persondata skal behandlast på vegne av oss.

Samarbeidspartnarar som får data av oss er til dømes ekstern entreprenør Teltech. Som på vegne av Voss Fiber installerer, byggjer og drifter fibernettet vårt. Get for å kunne levere internett og TV-abonnement, samt sende faktura. 

Me vil aldri selje din informasjon til annonsørar.  Behandlarar får kun tilgang til naudsynt data for å vera i stand til å utføre sine oppgåver på vegne av Voss Fiber. 

Innsyn, endring og sletting

Du har krav på innsyn i kva personopplysningar me har lagra om deg. Om du ynskjer  å vite kva data me har lagra om deg, eller ynskjer å få sletta data som ikkje er naudsynte for at me skal kunne levere tenestane som er bestilt frå oss eller våre samarbeidspartnarar. Ta kontakt med oss på tlf 51208115 eller send ein epost til post@vossfiber.no.

Endringar i personvernerklæringa

Dersom me endrar personvernerklæringa vil det verta publisert ein ny versjon

Informasjonskapslar (cookies)

For å kunne gjere nettsida vår betre samlar me inn informasjon frå besøkjande. Denne informasjonen nyttar me til å forbetre innhald og funksjonalitet. Informasjonskapslar brukas også for å måle trafikk på nettsida. Informasjonskapslar brukas for å kunne hugse dine preferansar. Val som er gjort vert lagra og gjer det enklare for deg å navigere. Me registrerar også kva nettlesar som vert brukt og om det er ved hjelp av mobil eller datamaskin du besøkjer nettsida vår.

Me samlar ikkje inn personleg identifiserbare data om deg.