Voss Fiber AS varslar om pris- og hastigheitsendring frå 1. april


Under finn du ofte stilte spørsmål og svar i forhold til dette.

Kvifor vert hastigheita auka?

Behovet for raskare breiband aukar, og derfor set me opp våre breibandshastigheiter. Me ynskjer at våre kundar til ei kvar tid skal ha breiband som tilfredsstiller samfunnet sitt raskt endrande bruksmønster. 

I følge Bredbåndsanalysen 2019, kjem det fram at bandbreiddebruken i Noreg kvart år aukar med ein gjennomsnittleg trafikkvekst på 30% i året. Dersom det held fram slik vil kundar bruke mykje meir bandbreidde også i åra framover. Kriteriene har også endra seg definisjonsmessig - om ein skal kalle noko for "breiband" i dag, så må det vere minimum 100 Mbit/s. 
Me viser også til konsumprisindeksen (KPI) som ofte blir brukt ved prisjustering. KPI måler prisutviklinga for varer og tenester for ein gjennomsnittshushaldning i Norge. Me jobbar kontinuerlig med redundans til våre fibersentralar/nodar for å sikra alle kundar ei garantert oppetid. Bruken av båndbreidde aukar raskt for kvart år som går og det stilles store krav til å sikra ytelse og kapasitet i nettet. Prisane gjenspegler dette og er konkurransedyktige i forhold til andre aktørar på marknaden. 

Hastigheitsendringa er for å tilfredsstilla våre kundar sitt behov. Dette medfører nødvendigvis også ei auking i månadskostnad. Alle våre breibandsprisar inkluderer kostnadar for drift, vedlikehald og modernisering av nettet vårt. 

Me er den lokale fiberleverandøren på Voss og er glade for at me kan tilby alle våre kundar lokal kundeservice og assistanse. 

Når vil endringa skje?

Endringane vil tre i kraft frå 1. april 2020, og dette vil koma fram på faktura som gjeld for periden april månad. 

Gjeld hastigheits- og prisauken for alle?

Ja, i utgangspunktet gjer det det. Alle hastigheitene blir justert opp, men om du er inne i ein avtaleperiode/bindingstid vil prisen fyrst bli justert når bindingstida/avtaleperioden er omme. 

Kan eg endre hastigheita som følge av endringa?

Ja, du kan oppgradere/nedgradere hastigheita di når du vil - så lenge du ikkje er inne i ei bindingstid.

Kvifor forsvinn produktet XL350?

På grunn av auka på L260-linja vil desse to hastigheitene vere nokså like, og me ser dermed ikkje behovet for å behalde dette produktet i tillegg. 

Korleis kan ein sjå om ein er i ei bindingstid?

Dersom du er usikker på om du er inne i ein avtaleperiode/bindingstid så kan ein ofte sjå dette på faktura eller på kva tidspunkt du fekk aktivert abonnement. 
På fakturaspesifikasjon kan ein sjå etter kampanjeprodukt/rabattar - dette tyder som regel på at du er i bindingstid eller har ein prisavtale på abonnementet ditt. 

Må eg som kunde gjere nokon endringar på mitt utstyr for å få ny hastigheit?

Nei, hastigheita vil automatisk bli endra 1. april - og det skal ikkje vere behov for våre kundar å gjere nokon endringar på kundeplassert utstyr. 

Korleis kan eg teste at eg får den nye hastigheita?

Hastigheita blir levert til modemet, og for å teste hastigheita må ein bruke nettverkskabel frå f.eks. PC direkte i modem. 

Vil TV-produkt stige i pris?

Nei, det er kun breiband som vert pris- og hastigheitsjustert.

Vil burettslag/sameige bli råka av pris-/hastigheitsendringa?

Nei, her er det eige avtalar som er gjeldande. 

Kor stor auke er det på dei ulike pakkane?

Sjå tabell


Har du andre spørsmål vedrørande pris- og hastigheitsauke?
Send oss ein e-post til kundesenter@vossfiber.no